hits

Spansk skieventyr

Vi er på 1850 meters høgde. Det er snø, minusgrader, preparerte løyper, startnummer, konkurransenervar....Vi er i Spania, nærare sagt i Vielha i Pyrineeane, på grensa til Frankrike og ikkje langt frå Andorra. 

Ja det er fullt muleg å gå på ski, - og skirenn i Spania. Køyrer du 5 timar frå Barcelona har du høge fjell på alle kantar, - og preparerte skiløyper. Både for langrenn og alpint. Saman med reiseselskapet PWT Travel fekk eg oppleve Spania sin vinter på sitt beste.

Turrennet Marxa Beret blei arrangert for 39. gang. I år var det spanske mesterskapet innlagt i rennet, og dama måtte sjølvsagt delta:) hehe..Eg valde å gå 21 kilometer, og ikkje den lengste distansen på 42 km då eg var skeptisk til den tynne lufta. Kanskje litt pysete, men eg var glad for valget undervegs. Pulsen gjekk fort opp for å sei det mildt. Løypa gjekk for det meste på Beret platået, men etter 10 km venta ei ganske så lang utforkøyring. Då vi var i botnen gjekk det straka vegen oppover mot mål. Då fekk eg testa både skimuskulaturen, utholdenheten og viljen. 

Det enda veldig bra. Eg blei nummer to i kvinneklassa, 48 sekund bak vinnaren ( som var dobbelt så ung som meg....hehe), og 17 totalt av alle. Litt usikker på kor mange som deltok, men rundt 300.


Landsbyen Vielha var superkoseleg, og kunne tilby tapasbarar på kvart eit hjørne. Ikkje vanskeleg å bli mett iallfall:)

Tapas...

Mmmm..

PWT Travel har mange sportsreiser i løpet av året. Eg reiste i forbindelse med Magasinet SKIsport, og skal lage ein rekke saker til neste utgåve. På denne turen var klientellet godt voksne, men det varierar frå tur til tur. Ta gjerne ein titt på nettsida deira HER. Dei har også orienteringsreiser, løpsreiser med meir. Absolutt å anbefale.

God helg!
Springerinneklem

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv