hits

Skirenn, flytting og ny jobb

Det har vore stille her den siste tida. Har rett og slett gått i eitt, og har måtte prioritere timane og dagane.

I går gjekk eg skirenn, HalvBirken. Meldte meg på to dagar før, då eg såg at eg fekk nokre timar fri frå heim og barn. Det var eit flott renn, og eg blei faktisk nummer to i klassa mi, og 11 totalt av alle damene. Det var moro.
 


Evigunge far fulgte meg til start, og ladar opp til Birken neste helg...

Ellers går det i mykje jobbing og barn. Har blitt redaktør for magasinet Friidrett i tillegg til SKIsport og jobb i Dagbladet, så det er nok å gjere når barna er i barnehagen. I tillegg har eg flytta på andre sida av Lillehammer ( Søre Ål) og har brukt ein del timar på å kome i orden. No er huset solgt, og flyttinga til min nye leilighet over. Det kjennes godt å være på plass og kunne legge seg i ordna forhold. 

Treninga går greitt, men det blir ikkje så mykje som eg skulle ynskje. Dagane er rett og slett for korte til daglege økter, men sann er det ein periode. Set desto meir pris på kvart friminutt eg får:)

Mine to øyensteinar i fri leik:)

Springerinneklem

6 kommentarer

Helena Westergren

12.03.2018 kl.13:19

så koselig!

Victoria Larsen

12.03.2018 kl.16:09

Så herlige bilder! Ja, av og til skjer det mye og da er det viktig å prioritere. God ny uke til deg :-)

Astrid

12.03.2018 kl.21:25

Gratulerer med både ny jobb og ny bolig! Og velkommen til nabolaget!

springerinne

21.03.2018 kl.13:23

Astrid: Takk Astrid. Du er velkommen 12 april ( sjekk face):)

Hilde

14.03.2018 kl.18:41

Har du flyttet frå hus til leilighet? Bare du eller i lag med din mann?

springerinne

21.03.2018 kl.13:23

Hilde: Ja har flytta til eiga leilighet. Berre meg og barna ( delt omsorg).

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv