hits

LØPEKURS på Lillehammer

Det er lite som minner om vår og løping på Lillehammer no. Som de ser på bildene under er det høge snøkantar som garantert vil ligge langt ut i april, og kanskje til og med begynnelsen av mai. Kven veit. Uansett, satsar eg på at det er bart til torsdag den 10. mai, for då ser eg for meg å halde løpekurs. 

Det er vakkert å løpe i slike forhold også, men det er litt enklare å øve på teknikk når underlaget er trygt og sikkert. Når eg spring i dag brukar eg løpesko med pigg. Då slepp eg å spenne meg i skuldrar og bein, i redsel for å falle. Bildene blei tekne i går på ein rolig 10 kilometers runde. Vakkert, ikkje for kaldt og med mykje frisk luft.

Løpekurset passar for alle. Vi begynner med rolig oppvarming i ca. 10- 15 minutt. Deretter går vi gjennom ein rekke øvelsar der eg filmer kvar enkelt. Denne gongen satsar eg på å ta heile kurset på ein kveld. Sidan eg er åleine mamma store deler av tida er det ikkje så lett å få til to kjappe kveldar på rappen. Eg har difor sett ned prisen noko, men dokke vil få like mykje ut av kurset som over to kveldar.

Maksimum antal deltakarar er 8 stykk. Eg kunne sikkert hatt fleire, men for å unngå for mykje "dautid" passar 8 bra. Minimum for å arrangere kurset er 4 stykk. 

Påmeldingsfristen er 1.mai, så lenge att å tenkje seg om på ennå. 

Send ein mail til kriroset@gmail.com eller meld deg på via Facebook.


Løpeselfie:)

Eg gler meg til vår, og bare vegar. Det skal bli herleg:)

Springerinneklem

 

 

2 kommentarer

sunnivaccskaug

26.03.2018 kl.00:14

Ha en riktig god påske! :-) <3

springerinne

28.03.2018 kl.15:31

sunnivaccskaug: God påske til deg også:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv