hits

Kaos

Noah (3,5 år)klokka 21.00 ( langt på overtid): 
-Mamma, jeg vil ikke sove i senga. Jeg er ikke trøtt. Mamma, kan jeg få saft. Mamma, Erle gråter. Mamma, jeg er sulten.


Bomba....

Livet som "åleinemamma" i mammahuset er nytt og ukjent. Heilt sidan 1. mars kan eg telje 2 netter i senga - resten ei veksling mellom sofa, senga til Noah, golvet, i stova, sofa, senga mi og sofa igjen. Og ja, det har som oftast enda i sofaen som er nokre meter frå soverommet.

Ingenting gale med "mammahuset" sådan. Dei 55 kvm. er koselege, og har det ein treng. Det er berre det at barna som er litt over 1 og 3 år, merkar endringa frå det å bu i eit stort hus med alle dei nære rundt seg og lite lyd når natta kjem til eit lite krypinn der alle nye lydar gjer seg gjeldande i små barneøyrer. Og mor- ho har grått sine fortvila tårer fleire gonger. 

Vel, hula vi bur i blir fort rotete. Kjøkken og stue ser ut som eit bomberom med leikar og pølse i lompe både her og der. Ikkje optimalt for ei mamma som eigentleg likar å ha ting i orden, og ikkje minst likar å ha det reint rundt seg. Det første er eg i ferd med å venne meg til. At heile "leikekassa"( som eg var så smart å kjøpe på Skeidar- som skulle samle rotet) blir tømt på golvet klokka 0530 på morgonen og ikkje blir teken i bruk att før 2100. Men når eg finn matrestar bak TV en, under TV en, oppi sofaen, inne på doen...ja då kjem fortvilelsen.

Så var det disse tenna då. Halve kjeften til minstejenta er gommar. Det betyr mange tenner som vil ut og fram. Det er heilt sikkert vondt. Ikkje hugsar eg, men etter den høge skriken til Erle og dømme kan det ikkje være behageleg. Og ho veit å seie frå. Ja,så ille at Noah held seg for øyra når alarmen set i gong. Og eg har prøvd alt; kos, vugging, melk (sjølv om ho sikkert ikkje er svolten), smøring av eit middel eg fann på apoteket og sist stikkpille. Eg likar ikkje å bruke paracet for noko slikt, men eg kan vel berre innrømme at det funka....Isj...


Hm.....pølse, saft, våtserviettar, tv kontroll...

Eg jobbar heimaifrå; det betyr at alt arbeid må være ferdig til 15.00 og  viss eg vil trene ( som eg sjølvsagt vil) må også det være ferdig til same tid. Det betyr igjen prioritering. Jobben kjem først...og treninga må vike. Det er ikkje det kulaste, men eg har ikkje noko anna valg. Difor blir dei vesle øktene eg får eit hardkjør. Intervall tre gongar i veka. Ferdig.

Heldigvis er barna glade og fornøgde i våken tilstand. Dei leikar fint saman, er svært glade i kvarandre. Noah fortel meg klart og tydeleg at eg må kose Erle når ho skrik. Han rett og slett hatar å høyre ulydane frå veslesysta. Å være i barnehagen elskar dei, være ute er toppen av alt, og når mor er så gjestfri at ho serverer både chips og sjokolade er dei i himmelen. Ja, for eg innrømmer at eg rett og slett gir litt eksta godis viss eg føler at det er på tide å dusje denne kroppen,- og iallfall viss eg skal vaske håret. Då er det berre å gønne på med sukker, og dei held munn ei lista stund. 

 


Godt å ha mor og mormor på besøk nokre dagar...

Nei, no er det fullt rabalder her, - for storebror er nemleg litt for glad i å vise kven Spiderman er framfor veslesøster....

God søndagskveld.

"Mammasukk" frå Springerinne 

 

3 kommentarer

Hildegunn

10.04.2018 kl.10:15

Høyrast slitsam ut med aleinemamma livet. Blir ikkje mykje eigen tid då nei. Håper du får litt avlastning av og til og at pappaen hjelper til inn i mellom. Klem til deg.

Marie

10.04.2018 kl.14:05

Fortelle litt mer hva som har skjedd? Så skjønner man litt mer. Nesten så man tror pappa'n har dødd?

springerinne

23.04.2018 kl.13:51

Marie: Nei, det har han heldigvis ikkje. Vi er skilt, og eg har barna mest.
Kort fortalt:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv