hits

Dette MÅ prøvast!

Det er ikkje så ofte eg får anledning til å legge ned ekstra tid til kokkelering, men når ein først får moglegheita er det utruleg kjekt å prøve noko anna enn det vanlege. Her er fredagen og laurdagens middag.

FREDAGSMIDDAG:
HAMBURGER MED BLÅMUGGOST OG SØTPOTETER


Mitt forhold til hamburger har vel ikkje vore det beste opp gjennom åra. Eg har rett og slett tenkt:
-Nei,det kan du drite i at eg skal ete. Det er uaktuelt, same kva. 
Eg er vel litt der ennå, - at ikkje Maceren er førstevalget, men eg diggar likevel ein god burger. Spesielt ein skikkeleg heimelaga ein, med godt tilbehør. Denne er ein slik eg likar; laga frå botnen av med litt sunt tilbehør.:)

LAURDAGSMIDDAG:
SENNEPSMARINERT LAMMECARRE MED PASTINAKKPURE

Lammecarre kjøpt på THV.Holtlien, Lillehammer.

Steik raskt på panna, deretter sennepsmarinerar du kjøtet og til slutt set du det i ovnen på 125 grader. Kjøtet har ein kjernetemperatur på 54 grader.

Grønsaker som ventar på å bli tilberedd.

Ferdig, og klar til å ete:)


Heilt nydeleg:)

Ha ein flott laurdagskveld kjære lesarar.

Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv