hits

Kvifor hatar eg denne setninga fortsatt?

Det irriterer meg, at eg fortsatt reagerer på orda: "- Du ser godt ut Kristin".

Uff, dette har hengt med meg i alle år, og sjølv om eg på langt nær ikkje reagerer så negativt på det som i dei gamle sjuke dagar, må eg innrømme at eg ikkje likar denne setninga noko særleg. Eg får rett og slett ein følelse av at no er eg "rund og god".

Joda, eg veit at orda ikkje betyr det, men likevel...

Isj...det er ikkje like lett å bære på ei tøff historie som spiseforstyrra. Sjølv om eg kjenner meg frisk, bærer eg på tankar, og reagerer viss eg høyrer gamle setningar som fekk meg til å gråte og ete mindre. Handlingar som rett og slett gjorde livet til eit mareritt, og som nesten heldt på å knekke meg fullstendig.

Det er difor ein grunn til at eg aldri bruker denne setninga til nokon, uansett om vedkomande er heilt normal eller ei. Eg kjenner meg ikkje komfortabel sjølv med å motta det, og då vil eg heller ikkje uttrykke det til andre.

No er eg ærleg, og det kan hende dokke lesarar tenkjer at eg er altfor sensibel og rar, men eg trur likevel eg snakkar for mange eks spiseforstyrra. At det er enkelte ting du aldri blir kvitt opp i denne kompliserte hjernen. 

Vel, dette var eit hjertesukk som eg kanskje burde halde for meg sjølv, men av og til må eg berre "lufte" tankane. Kanskje nokon av dokke lesarar har kjent på det same?

Springerinneklem

 

 

2 kommentarer

Hildegunn

01.05.2018 kl.20:22

Skjønar godt kva du meinar. Sjølv om er ikkje er sjukeleg undervektig i dag, så er jo eg ikkje frisk og setninga du ser så godt ut, er noko eg og hatar og eg hatar enda meir då eg får spørsmål om det går bra/korleis det går eller ei senting som handlar om kroppen min. Når man har vert sjuk, så er det alltid eit eller anna som vil henge igjen i hovudet.

02.05.2018 kl.22:51

Hei! Tror det er mange som kjenner seg igjen i det. Jeg prøver å jobbe med meg selv og snu det til noe positivt, tolerere å se godt ut, det handler også om å klare å godta en endring. Samtidig unngår jeg å kommentere andres utseende for mye. Men jeg kan noen ganger si: Du stråler. Eller : "Du smiler med øynene,du". Det lyder mye bedre enn "godt" i den spiseforstyrredes tilfriskningsprosess. Det sier noe mer om personens utstrålin og energi. Det er jo også viktig å vise andre at man ser at ting går bedre. Selv om det ikke alltid kan synes utenpå. Så handler en tilfriskningsprosess med anoreksi om vektoppgang ( og veldig mye mer). Det er nå en gang slik. Enten den med anoreksi vil innse det eller ei. Du er et forbilde, Kristin.

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv