hits

Frå å være redd til skjemme ut heile laget til å sette etapperekord

Eg starta på eit innlegg kvelden før Holmenkollstafetten, altså på sist fredag. Men det kom aldri ut. Litt på grunn av barn som hoppa rundt meg, og litt på grunn av at eg ikkje heilt følte for å seie at eg skulle delta....i tilfelle det gjekk i dass.
Eg var spent og småredd. No skulle eg løpe 1860 meter for elitelaget til Lillehammer. Sportslig leder sa at vi kunne kanskje klare topp 5, og då fekk eg litt hetta. Kva om eg dreit ut heile laget. Mista fleire plassar, og sekund. Spaserturen til Besserud var derfor ein tanke nervepirrande.

Det er lenge sidan eg har løpt for eit lag i HK. Eg trur eg må nesten 10 år tilbake i tid. Det betyr ei rusten dame med både stafettpinne i handa, og det å gje full guffe for fleire enn seg sjølv.

Jentene var gira. Nokre hadde aldri sprunge HK, medan andre hadde god erfaring. Vi var fast bestemte på å gje alt, uansett kor vondt det skulle gjere. Ein flott gjeng.

Stafetten var i gang, eg hadde endeleg kome meg fram til vekslinga etter x antal kilometer med gåing og småjogging ( er langt frå Bislett stadion til Besserud gitt). Sekken blei lagt i vekslingsfeltet der eg slutta, men telefonen følte eg for å ha med meg. På toppen av Besserud venta det slitne løparar som hadde gjennomført ein lang motbakke. Heidi Weng kom først, så kom Karoline Bjerkeli Grøvdal og nokre til. Eg visste at vi ikkje var topp fem på dette tidspunktet, men eg fekk pinnen som nummer sju. Eg gaula slik eg pleier på Hanne som hadde gjort ein formidabel innsats og tok pinnen som om det var det kjæraste eg hadde. No var det berre å gønne på - nedover.

Skjermbilde frå vekslinga mellom Hanne Mjøen Maridal og meg på toppen av Besserud. ( TV2 Sportskanalen)

For åttande etappe er bratt nedover med ei avslutning på flata. Eg visste overhode ikkje korleis beina og pusten skulle reagere på denne formen for løping, men å slappe av i steget var ikkje aktuelt. Her var det berre å kjøre på for full mugge. Eg såg to ryggar eit stykke framfor meg, og tenkte at eg iallfall ikkje skal gje dei fleire meter enn nødvendig, og skulle ikkje ble teken att av nokon bak. Pulsen auka ( ja sjølv i nedoverbakkar) og eg såg at jentene framfor meg ikkje var fullt så langt vekke lengre. Opp i alt fokuset kjende eg at telefonen i tightsen begynte å bevege seg. Eg kjende etter, og merka at den var på veg til asfalten. Eg fekk hetta for andre gang, og tok den ut i fart og tvihelt like mykje på den som stafettpinnen. Begge hendene stramma seg med andre ord temmeleg hardt rundt to betydningsfulle gjenstandar.

Metrane nedover gjekk raskt unna, og brått hadde eg teke att to jenter. Dette gav meirsmak sjølv om beina kjentes litt stive. På slutten av av utforkøyringa såg eg ei til. Eg bestemte meg for å knalle til alt eg kunne slik at eg kunne veksle som nummer fire. Det gjekk i boks, og makan til deilig følelse. Eg hadde iallfall ikkje drete meg ut. Det var trass alt det viktigaste.

Bussen gjekk heimover med tre lag. Elite damer som fekk 6. plass til slutt i eliten, og ein ordentleg opptur frå fjoråret som sa 9.plass, herrane blei nummer 14 og slapp nedrykk og juniorgutta løpte inn til ein sterk 4.plass. Middagen smakte med andre ord svært godt på Nebbenes.

Undervegs på turen fekk eg vite at eg hadde satt etapperekord med et sekund på den åttande etappen. Tida blei 4.52 på 1860 meter og eg kunne nesten ikkje tru mine eigne øyrer. Det var ufatteleg moro, og eg må innrømme som snart 40 åring at det motiverar å halde fram med å trene når ein faktisk klarar å halde litt fart i kroppen fortsatt. 

Det viktigaste er likevel å kunne være med å bidra til min "andre heimklubb". Gloppen FIL vil jo alltid være den første, men når eg har funne byen og heimstaden i mitt hjerte er det klart at det kjennes godt ut å kunne være ein bidragsytar i verdens største stafett.
 

Takk til heile laget for ein kjekk løpedag:)

 

Springerinneklem som faktisk ikkje har kjent på stølhet etter løpinga....nesten litt rart.:)

Én kommentar

Victoria Larsen

07.05.2018 kl.13:45

Wow, så imponerende!

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv