hits

Nokre tankar

Etter ein litt tøff vinter er det godt å få sol og sommar på kroppen, løpe i mindre klær, sleppe å pakke inn ungane i ull og tjukk vinterdress og gjere det eg likar best jobbmessig: å skrive og ta bilder. 

Det har som sagt ikkje vore den enklaste vinteren og det har gått utover treninga. Ikkje det at det betyr så himla mykje i den store samanheng, men vi veit alle at det å gje slepp på noko som gjev overskudd og glede reint personleg ikkje er det kjekkaste over lengre tid. Du blir litt uttafor.
 


Heldigvis kjennes ting mykje betre no og livet smiler igjen. Barna har funne seg til rette i "mammahuset/ leiligheta", eg har ein jobb som er fantastisk moro og løpinga går i rett retning. Ja, eg har faktisk hatt to kjekke økter på løpebana. Derav bilde....


Det å trene i dag samanlikna med dei åra eg var sjuk er vidt forskjellig. Har eg ikkje lyst, eller er totalt umotivert lar eg være og bruker heller tida på andre ting. Før var ikkje den tanken tilstades ein gong. Då gjekk alt på autopilot med to økter for dag. Samma kor kjei eller sliten eg var. Ut skulle eg. Dette er ikkje aktuelt lengre. Eg får ingenting att av ei trening kor eg pressar meg ut mot min eigen vilje. I tillegg begynner kroppen å bli eldre og tåler ikkje det samme tempoet som før. Iallfall ikkje med all arbeidsmengda, og to småttisar. 
 


Det er difor så kjekt å kjenne at kroppen fungerer på dei øktene eg gjennomfører. Det gjev ein god motivasjon vidare og til neste økt. Så eit lite tips frå meg; Ikkje press deg ut viss du er frykteleg sliten og totalt umotivert. Vent
heller til dagen etter- det er trass alt berre snakk om nokre få timar, og kanskje ein heilt anna dagsform.

I går hadde eg ei morsom (og hard) økt på bana. Eg løpte 6x400 meter med 1 minutts pause etter ei god og lang oppvarming. I dag tek eg fri sidan eg kjenner at beina treng det, og fordi eg har himla mykje arbeid å gjennomføre. Og det beste av alt; det dårlege samvitet for å sitje på ræva er fullstendig fråværande.

Ha ein fin tysdag:)

Springerinneklem

2 kommentarer

Ingvild

15.05.2018 kl.21:40

Hei!

Jeg lurer på om du kan skrive litt om den gangen du fikk bekkenbrudd? Hva gjorde du i perioden fra du fikk bruddet, til du var tilbake til normal treningshverdag igjen? Og hvor lang var denne perioden?

Jeg tror jeg har fått et brudd i bekkenet, men venter på MR for tydeligere svar (røntgen viste noe som KAN ligne et brudd). I de første par ukene rett etter symptomdebut hadde jeg intense smerter i bekkenet og litt i den ene foten. Smertene har bedret seg, men hvis jeg prøver å jogge sakte kjenner jeg det i bekkenet igjen. Savner å trene normalt og lurer på hvordan dette skal gå.

springerinne

24.05.2018 kl.18:26

Ingvild: Har svart med eit innlegg i dag:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv