hits

Om tida som beinskjør og tida etterpå

Fekk følgjande spørsmål for ei lita stund sidan:
Jeg lurer på om du kan skrive litt om den gangen du fikk bekkenbrudd? Hva gjorde du i perioden fra du fikk bruddet, til du var tilbake til normal treningshverdag igjen? Og hvor lang var denne perioden?

Eg fekk påvist beinskjørhet allereie då eg var 20 år. Eit par år etter det begynte brudda. Først eit par hendingar med ribb-beinsbrudd, og til slutt eit alvorleg bekkenbrudd. Grunnen til at sistevnte blei såpass alvorleg var rett og slett fordi eg trudde dette var skiveproplaps og fekk hjelp hos ein kiropraktor som gav meg fleire behandlingar med knekking. Dette gjorde bruddet ennå større enn det trengde å bli, noko MR viste tydeleg.
Dette blei vel eigentleg min slutt på idrettskarriera, då eg klarte det store stykke å få bulimi. Dvs at spiseforstyrrelsen eg trudde eg hadde blitt kvitt blomstra opp att som rakkaren. Eg takla rett og slett ikkje det å måtte være i ro over lengre tid.

For min del var det vondt å stå og gå. I det heile tatt å bevege seg. Det enda med ein del ligging og gråting. Etterkvart begynte eg å symje; ikkje bryst, men krål. Så kunne eg gå turar, og etter nokre månadar løpe rolig. Men eg kjende etter smerten heile tida og var kjemperedd for å gjere vondt verre. 

Du har sannsynlegvis ikkje eit så alvorleg brudd sidan MR "berre" antydar eit brudd, så eg trur ikkje du treng være redd for å måtte være borte frå trening så altfor lenge. Men det er viktig at du får dette oppklart så raskt som mogleg. Innan den tid ville eg svømt krål, trent lett styrke utan smerter, gå turar uten smerter og sykle utan smerter. Løping er ikkje det beste for eit sårbart bekken, så vent med det til du veit diagnosen 100% sikkert.

 

Håpar dette var til litt hjelp.

Springerinneklem

3 kommentarer

Ingvild

25.05.2018 kl.16:33

Tusen takk for svar på spørsmålet mitt! Har du hatt flere brudd i ettertid? Hva gjør du for å forebygge nye brudd? Du er veldig inspirerende!

springerinne

26.05.2018 kl.13:34

Ingvild: Nei eg har ikkje det. Etter at eg fekk mensen tilbake som 31 åring har kroppen fungert heilt supert, med to fødslar i tillegg. Eg veit at eg ikkje kan gå ned mykje i vekt og miste mensen att. Det er mi forebygging,pluss at eg trenar. Altså næringsrik mat, trening og stabil vekt er nøkkelen for min del:)

Ingvild

07.06.2018 kl.18:30

Oi, så svaret ditt før nå. Men så godt å høre at du ikke har hatt flere brudd. Jeg har også slitt mye md undervekt og uteblitt mensen i mange år.

Har nettopp fått nye svar, og smertene jeg har hatt helt siden slutten av mars, er et brudd i os pubis like ved symfysen. Heldigvis er smertene mindre nå. Likevel er jeg livredd for å gjøre aktivitet som skal forverre bruddet og/eller utsette tilhelingen. Jeg sykler og trener på ellipsemaskin, og har jobb med mye gåing. Dette er relativt smertefritt. Håper jeg kan drive med denne treningen til bruddet er tilhelet og jeg kan starte løping igjen. Min beste måte å få i meg nok næring på (og vedlikeholde normalvekt) er å være fysisk aktiv i løpet av dagen.

Ønsker deg alt godt :) Hilsen Ingvild

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv