hits

Vurderer løpekurs i juni - ynskjer svar på om det er interessant


Frå dagens løpeøkt på Stampesletta-lenge sidan sist piggskoøkt.....Blir nok vondt i leggane i morgon:)

Eg la opp til løpekurs på sjølvaste himmelspretten i mai, og det lukkast ikkje ( forståeleg nok). Med tre påmeldingar syntes eg det var litt for lite til å arrangere. No har eg fått fleire interessentar, men med barn 70% av tida må eg rett og slett bruke dei dagane eg har fri. Torsdag 21. juni er den neste datoen eg kan arrangere løpekurs. 

Eg ynskjer minimum 5 stykk og maksimum 8 stykk for å arrangere. Send meg ein mail på kriroset@gmail.com eller på Messenger viss dette er interessant. 

 

Eg ser for meg frå klokka 18.00-19.30 + med oppmøte på Cirkle K Strandtorget / Lillehammer. Herifrå varmar vi opp langs Mosodden. Prisen per stykk er 800,- og då inkluderar det filming og individuelle tilbakemeldingar i etterkant. 

 

Springerinneklem

 

2 kommentarer

Siw

27.05.2018 kl.03:44

Nei!!

Carina Lie

27.06.2018 kl.20:19

Så flott blogg og flink du er! Må få trent igjen jeg også, pleide å elske å løpe :-)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv