hits

Tusen takk (for meg).

Etter åtte år med blogg, kjenner eg at det er på tide å "legge opp". Eg klarar ikkje å oppdatere slik eg ynskjer då kvardagen går i eitt med barn og jobb. 

Eg starta opp blogginga då eg var sjuk i 2010, og det blei etterkvart ein terapi for meg å skrive om spiseforstyrrelsen og vegen tilbake til eit friskt liv. Gjennom åra har eg fått mange nye bekjentskap, og ikkje minst fekk eg moglegheita til å skrive boka: "Spring for livet". Eg har halde mange foredrag og kjenner eg har klart å hjelpe nokre sjeler der ute med gode råd. Det gjer meg svært takknemleg.

Sjølv om eg no legg opp blogginga vil bloggen og alle innlegga være tilgjengeleg. Er du sjuk og slit med kropp og mat anbefaler eg å lese innlegga som er skrivne frå 2010 til 2014. Det er innlegg etter det også, men etter at eg blei frisk har bloggen endra seg meir og meir til å bli familier og treningsinspirert. 

Eg er tilgjengeleg på mail om du skulle ynskje å sende meg ein mail på kriroset@gmail.com. Ikkje nøl med å ta kontakt viss du ynskjer det.

Fokuset har endra seg drastisk frå då eg starta å blogge. I dag er det Noah (3,5år) og Erle(1,5år) som er det viktigaste, og sjølvsagt kjærligheten og jobben. Det blir mykje skriving om dagen då eg er redaktør for to sportsmagasin ( SKIsport og Friidrett) og skriv vekentlege treningssaker til Dagbladet. Eg har difor ikkje ork til å sette meg ned med bloggen og gje dokke ordentlege innlegg.

Tusen hjarteleg takk for alle dokke lesarar som har fulgt meg.

P.S
Eg legg ut alle type hendingar som for eksempel foredrag og løpekurs på Facebook. Der finst eg med navnet SpringerinneKristinRoset.
Snapchat: Springerinne og Instagram: #Springerinne.

Springerinneklem

6 kommentarer

Hildegunn

30.06.2018 kl.19:02

Kjedelig at du skal sutte å blogge, men jobben og familien er jo aller viktigast og når tida ikkje strekk til å blogge så forstår eg at du legg opp. Bra at bloggen ikkje blir nedlagt og at ein kan følgje deg på andre sosiale medier. Veldig flotte barn du har, dei har blitt store. Har du fått ny kjæreste?

springerinne

08.08.2018 kl.22:08

Hildegunn: Ja, eg har måtta tatt eit valg, og når eg kjenner at tida ikkje strekk til med å legge ut ordentlege innlegg velg eg å slutte.
Ja eg har fått ny kjærast. Har det veldig bra.
Klem

Ida

02.07.2018 kl.19:51

Takk for alle innlegg. Takk for ærligheten. Du har vært en stor støtte og motivert meg til å komme ut av min spiseforstyrrelse. Jeg er evig takknemlig for at du har gitt meg innblikk i din reise, både ved å skrive om seiere og ved å skrive om motgangstider. Det er forståelig at tiden din ikke strekker til. Ikke slit deg ut! Ønsker deg alt godt videre. <3

springerinne

08.08.2018 kl.22:06

Ida: Ynskjer deg alt godt vidare Ida:)

Tor H. Staff

09.07.2018 kl.12:31

Lykke til videre Kristin. Det har vært interessant og lærerikt å lese din innlegg :-)

Sportslig hilsen Tor :-)

springerinne

08.08.2018 kl.22:05

Tor H. Staff: Tusen hjarteleg takk Tor!

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv