hits

Klarar ikkje å halde meg heilt unna!

Eg bestemte meg for å slutte med blogging i sommar, men etter å ha fått ein litt enklare kvardag har eg lyst å skrive litt til før bloggplattforma blir lagt ned til våren 2019.

 

Erle elskar å sitje på kjøkkenbenken....snart er ho 2 år ( 24/12)

Etter sist innlegg har det skjedd mykje. Eg har fått ein meir stabil kvardag med nytt hus, sambuar og med barn som stortrivast i den nye heimen her på Lillehammer. Og så har eg fått mange mail frå mine "gamle lesarar", - at dei saknar oppdatering. Det gler meg veldig, så eg skal rett og slett blogge litt til før heile bloggplattforma vert lagt ned 9.april 2019. Det er synd, så eg lyte begynne å laste ned mine eigne innlegg ( som ikkje kom med i boka; "Spring for livet".) 

Som eg skildra rett over har det skjedd ein del sidan sist. Min kjære Oddvar og eg har flytta i nytt stort hus saman med mine barn og Oddvars to flotte gutar. Ikkje på heiltid, men nok til at dei har fleire dagar å være saman på. Det har gått over all forventning. Ja, for det er ikkje alltid like lett med meg, deg og våre sine ungar. Men dagens samfunn er no ein gong blitt slik,- at vi må dele kvardagen med fleire enn med vårt eige blod. Det treng ikkje være negativt så lenge ein er inkluderande og åpen. Og i vårt tilfelle har det gått veldig bra- heldigvis.

 


Nissar må til i desse tider:)

 


Kjøkkenet


Kontoret mitt

Jobben med Friidrett, SKIsport og Dagbladet går svært bra, men eg sit mykje på ræva. Tastaturet blir heftig brukt for å sei det mildt. Fingrane arbeider godt kvar dag. Det er bra, for kroppen ellers har lege i dvale med tanke på trening siste månadane. Med omgangssjuke og no lungebetennelse har det rett og slett blitt altfor lite aktivitet. Ikkje moro, men sånn er det å være småbarnsmor innimellom. Ein mottek det ein helst ikkje vil, men kva valg har ein....ikkje stort.

I tillegg har treningslysta dabba mykje etter at eg har kjent at formen har berre gått nedover og nedover. Og når eg tenkjer på kor mykje eg trena før ( uansett sjukdom eller ei), så må eg innrømme at eg føler meg som ein ordentlig slappfisk. Men det får så være. Når skrotten ikkje er mottagleg for slike utfoldelser, - ja då må eg berre lytte og gjere det rette.  

Satsar derimot på at formen kjem seg og at det blir meir lystbetont å dra ut på trening. Bildet under er frå Balbergkampen i oktober. Ein nydeleg plass å " besøke"for dokke som ynskjer å sjå Lillehammer og omegn frå "høgda":)
Foto: Marte Bleken

 

Litt frå Lillehammer:)

Springerinneklem

 

 

 

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

39, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 4, og Erle på 2 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv