hits

Når du oppdagar noko nytt

For å sei det sånn- eg har vore mykje meir vane med å reise til sommar og varme enn til skistader. Eg har faktisk aldri reist til utlandet for å stå eller gå på ski, - før dette året.


Nam, spansk tapas i Barcelona.

Opp gjennom åra har eg alltid "flykta" til syden eller Sør-Afrika på vinteren. Til sommar og deilige løpe forhold. Ja, til stadar som kan by på over 20 grader klokka 08.00 om morgonen.

Men dette året....etter ein lang periode som redaktør for magasinet SKIsport har det bydd seg fleire moglegheiter til å oppleve Europa i vinterdrakt. Ei oppleving eg ikkje kan skryte på meg å ha opplevd mange gonger før. Har difor to tips til stader som eg har lyst å anbefale for den som er lysten på ei langhelg med snø, langrenn og alpint. Og kanskje ei kjærlighet eller venninne/kamerat helg.

 


På over 2000 meters høgde. Her frå oppvarming og testing av ski før konkurransen.


1) Vielha - i dei spanske Pyrineene

I februar i vinter (2018) blei eg med PWT Travel til Marxa Beret, eit turrenn i dei spanske høgfjella heilt nord i landet. Vi landa i Barcelona, hadde ei overnatting der og køyrde så vidare i fleire timar til byen Vielha i Pyreneene. Dette var ein utruleg koselig liten by som bydde på det meste; gode restaurantar, fine hotell og i nærleiken av både alpint bakkar og langrennsløyper.

Vi blei kjende med mange flotte menneske og deltok på turrrennet Marxa Beret som i fjor vinter hadde innlagt det spanske mesterskapet. Eg kan vel ikkje seie anna enn at det var moro å bli nummer 2, men surt å tape med under minuttet. 

Dette er eit turrenn som ikkje er så kjend samanlikna med Marcialonga osv, men det er vel verd turen; både på eiga hand og saman med ein tur operatør.

 

Sjekk plass nummer 17.....:) hehe...Og nummer to i det spanske mesterskapet:)


Vielha by, heilt nord i Spania. Tok bildet på ein liten løpetur første kvelden vi ankom byen.


Mmmmm...takkar ikkje nei til spansk mat.

2) Davos- Sveits:
For 1,5 veker sidan var eg i Davos. Ein fantastisk skiplass. Eg fall iallfall pladask. Her har du alt innanfor kort rekkevidde; langrenn, alpint, hotell, restauranter, butikkar og venlege menneske som yt svært god service. Det "negative" er den lange reisa. Eg starta med tog frå Lillehammer til Oslo Lufthavn, fly derifrå til Zurich, så tog frå flyplassen til sjølve sentrum og derifrå til Davos ( med 1 bytte undervegs). Men når eg kom fram: Fy flate. Digga det!

Høgt oppe....glad eg hadde ein skiguide med meg, for makan til utval av løyper....Hadde aldri funne tilbake utan lokal "hjelp". Hadde vel enda opp i nabolandet...


I heisen.


Skiheis eller"skitog"? Jada...


Langrennsløypene er godt merka - både vinter som sommar.

Det kule med Davos ( og heilt sikkert mange andre skiskadar) er at du slepp å ta med deg utstyret. Her kan du leige alt frå skisko til hjelm og skibriller......og det er vel verd prisen, og det å sleppe styret med å pakke med seg alt av utstyr som skal i bil / tog og på fly....Er jo til å bli svett av berre det....

Dette var eit par tips som kanskje ikkje alle veit om, men som er vel verd eit besøk.

Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

39, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 4, og Erle på 2 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv